hei sveis!

...og velkomen til oss i Kreativ Strek AS! Vi vonar du finn det du leitar etter på sidene våre. Hvis ikkje, ta kontakt!

Ny dagleg leiar hjå Kreativ Strek

[Publisert: 20/10/2009]

Måndag 12.oktober fekk me ein ny dagleg leiar inn i hus. For fleira av dei tilsette var det litt som fyrste dag med ny lærar på skulen, me måtte prøve å sjå kor grensa gikk, og kor mykje Karianne kunne tolerere.

Til større eller mindre overrasking for fleire passa Karianne godt inn, og er akkurat den Kreativ Strek treng for å holde orden i papira, telefonar og andre ting me som kanskje stillar sterkare når det kjem til kreativitet og teknisk kunnskap ikkje har same interesse for.

Særs nøgd
Tidlegare daglig leiar Henning er særs nøgd med å kunne bruke meir tid på det han er flink på, og har lenge gleda seg til Kariannes fyste arbeidsdag. – No kan eg bruka meir tid på det eg kan, og vil jobba med, seier Henning.

Karianne har ei brei og god erfaring, og mange kjenner Karianne frå den tidlegare jobben hennar, hjå Valdres Destinasjon. Både Karianne og me andre hjå Kreativ Strek er svært nøgd med den nye situasjonen vår, og trur at Karianne vil væra med å bringe oss vidare i tida framover med masse nye spennande kundar og oppdrag!

LiveZilla Live Help